Lokalhistorisk spørjevev

Bok- og rettleiingsteneste for Sogn og Fjordane
Her kan du få hjelp til å finna svar på spørsmål innan lokal historie som gjeld Sogn og Fjordane.

Alle som vil, kan senda spørsmål til denne adressa. Tenesta er gratis!

Me vil gjera så godt me kan for å svara raskt. Innan ei veke lovar me at du skal få eit svar til di epostadresse - så sant du har gitt oss denne - eller du kan følgja med på Spørjeveven.

Du vil få melding om at me har motteke spørsmålet ditt. Først når det er gjeve eit svar på spørsmålet, vert det synleg på Internett.

Spørsmål som fell utanfor vårt fagområde eller kompetanse, vert vist til andre institusjonar eller tenester. Det kan henda at me vil trekkja inn fagpersonar frå andre institusjonar som kan hjelpa til med å finna svar på ditt spørsmål.

Kven har ansvar for tenesta?
Institusjonane som står bak denne tenesta er: Sogndal bibliotek, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Bibliotekarar, historikarar, arkivarar og andre fagpersonar knytta til desse institusjonane samarbeider å gi svar på denne tenesta. Tenesta starta i mai 2000 gjennom eit felles FOU-prosjekt mellom desse institusjonane. Meir informasjon om prosjektet.

Slektsspørsmål
Under Fylkesarkivet sine heimesider ligg fleire databasar som er nyttige for slektsgranskarar: Her er mellom anna data frå folketeljingar og kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane registrert. Det finst dessutan ei gjestebok der som vert mykje nytta til slektsspørsmål.

Under Sogndal bibliotek sine heimsider finst oversyn over andre nyttige basar for dei som arbeider med slektsspørsmål.

Kommentarar
Har du kommentarar til tenesta, kan du nytta skjemaet.

Under Biblioteknett finst m.a. eit oversyn over "Spør biblioteket"-tenester.

Denne tenesta er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Sogndal folkebibliotek, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane og Norsk Reiselivsmuseum
Kontakt prosjektleiar [Logg inn]