HUS OG BYGGESKIKK I SUNNFJORD
kombinering av museumsbesøk og internett-tilbod til grunnskulen.

BAKGRUNN

KVA SKAL SKJE PÅ MUSEET KVA SKAL SKJE PÅ NETTET

BAKGRUNN.

Sunnfjord Museum har gjennom mange år prioritert og lagt stor vekt på å ha gode undervisningstilbod å tilby
grunnskulane. Dette har vi også fått gode attendemeldingar om frå dei skulane som har deltatt.

Sidan tidleg på 1990-talet har vi kvart år hatt to undervisningsopplegg for året, eit om våren og eit om hausten, der vi har invitert grunnskulane i Sunnfjord til å bruke ein heil dag på museet. Tema for desse opplegga har variert alt etter kor tid på året dei har vore haldne, korleis dei har passa inn med utstillingar og andre tilbod ved musea, og etter kva kompetanse museet til ei kvar tid har hatt tilgang til.

Tema har m.a. vore tradisjonell bruk av mjølk, tradisjonell bruk av poteter, korn frå åker til bakstebord, husflid og handverk, utnytting av bjørka, leik og fritid, heime i gamle dagar og no, hus og byggeskikk.

For oss har det vore viktig at opplegga ikkje vert omvisingar eller førelesingar, men at elevane i størst mogeleg grad vert aktiviserte. Det å smelte saman kultur og natur i undervisninga har og vore viktig for oss.

KVA SKAL SKJE PÅ MUSEET

På Sunnfjord Museum har vi sett opp til saman 27 antikvariske hus i friluftsmuseet. Husa syner eit mangfald i funksjon, alder, sosial tilknyting og byggemåte som gjer at vi kan nytte dei som utgangspunkt for eit undervisningsopplegg i lokal byggeskikk. I alder er husa frå perioden 1500 til om lag 1860.

Vi ynskjer å syne både tunformer, kva slag enkelthus som fanst, kva byggeteknikkar dei nytta, og ulike bygningsdetaljar som takkonstruksjon, eldstader og lysopningar, som hadde mykje å seie for korleis byggeskikken utvikla seg.

På museet tenker vi oss eit opplegg der elevane kjem fleire gonger. Første gong får dei ein generell gjennomgang av tunskipnad og byggeskikk.  Neste gong dei kjem til museet vert dei konkret med på å bygge hus i ulike byggeteknikkar. Museet har på førehand laga modellar i passande storleik. Vi vil legge vekt på at det berre er i storleik desse husa avvik frå den vanlege måten å bygge på. Materialval og byggeteknikk skal vere så nær opp til eit tradisjonelt hus som råd er.

KVA SKAL SKJE PÅ NETTET

På nettet vil vi ha høve til å gje utfyllande informasjon til emnet og fordjupningsstoff til dei særskilt interesserte. Det er og viktig at dette bakgrunnsstoffet er tilpassa dei enkelte alderstrinna.
Det er meininga å ha ein to-vegs kommunikasjon med skulane, der skulane kan komme med attendemeldingar på opplegga. Vidare er det lagt ut arbeidsoppgåver på nettet i eit format som skulane kan laste ned og skrive ut.
Det finns mange omfattande og store databasar eller faktasamlingar med lokalhistorisk materiale tilgjengeleg på nettet. Det vil vere viktig for oss å gjere desse mest mogeleg tilgjengelege for skuleelevane.